Regionale innføringskurs

Når ein syslar med tankar om å bygge seg eit lite kraftverk i bekken er det mange saker ein må kjenne til. Sentralt organiserte kurs av dei større aktørane er oftast i dei større byane, langt frå utbyggaren's bekk. Sjølv om slike kurs er vel og bra, er det i overkant av betalingsviljen for den enkelte bonde å måtte ut med 8 - 12.000 kr. for eit to-dagars arrangement. Derfor har det tradisjonelt vore få deltakarar frå dei minste utbyggarane i slike kursseriar.

Fylkesmannen i Hordaland si Landbruksavdeling har tatt konsekvensen av dette. Våren 2001 har dei gått i brodden for å medverke til regionale innføringskurs i bygging av mikro-minikraftverk.

Ein av intensjonane har vore at kursserien skulle vere på bonden/tiltakshavar sine premisser, f.eks. i forhold til krav om forkunnskap, pris, kursstad, tidspunkt unna haust/våronn etc.

Konklusjon: På 5 samlingar har det møtt i alt 197 interesserte og potensielle utbyggarar !!! Slå den!

Kursa har blitt gjennomført fylgjande stader:
  • Voss - Mjølfjell
  • Stord/Fitjar - Vistvik.
    Les presseomtale frå 9. mai i "Bladet Sunnhordland"
  • Kvinnherad
  • Lindås - Dyrkollbotn
  • Samnanger -Tysse
  • Ullensvang - Kinsarvik

Vil du vite meir, med tanke på slike kurs i din region, ta kontakt med:

Soussjef Åge Bremer, SND Hordaland i Bergen,
http://www.snd.no

Telefon: 55 55 93 86
E-post: age.bremer@snd.no 

eller

Torleiv Skage, Fylkesmannen i Hordaland, 
Landbruksavdelinga
http://www.fylkesmannen.hl.no/landbruk/
Telefon: 55 57 21 64
E-post: torleiv.skage@fm-ho.stat.no