Tvist om fallrettar - Kva kan Jordskifteverket tilby

Fallretten i bekken er sjølve grunnlaget for alle kraftverk. Normalt er det den som eig grunnen som også eig fallretten. I andre høve kan fallretten vere selt i gamal tid, det kan vere bruksrettar til vatning, kverner, tømmerfløting osv. Dersom det i ditt prosjekt er uklart eller stid om kven som har rett til å nytte vasskrafta, bør du kontakte Jordskifteverket, som er ein særdomstol.

Mot slutten av år 2001 vil du på denne og underliggande sider finne ein "Rettleiar for tvistar om fallrettar i vassdrag", forfatta av Jordskifteverket.

Treng du avklaring og meir informasjon innan den tid, kan du kontakte Jordskifteretten på desse adressene. http://www.jordskifte.no/innhold/adresseliste.php