Vasstaket Kraftverk
|
|
Vasstaket Kraftverk ligg i Lodalen i Stryn i Sogn og Fjordane fylke.
|
Innleiing
- Under bremassivet i bratte Loenfjell fossar Helsetelva gjennom det ville landskapet. Der elva avsluttar si ville ferd, lever familiane Hogrenning og Haugen.
- Sigmund med Haugen til etternamn, fødd og oppvaksen litt lenger framme i dalen, leika med tankane om eige kraftverk tidleg på åttitalet. Dette var ikkje noko nytt i Lodalen, for der hadde det vore produsert elektrisk kraft i omlag 120 år.
- I 1996 avgjorde grannane at det skulle byggast kraftverk i Helsetelva. Trass i eit verna vassdrag fekk dei løyve til ei utbygging med ei installert effekt på 650 kW.
- Trass i at begge ektefellene har arbeid utanom gardsdrifta bygde dei sitt eige kraftverk på rekordtid. Vasstaket Kraftverk vart idriftssett etter berre 4,5 månadar.
Tekniske data:
Fallhøgd: 190 m
Falltap: 12,7m
Middelvassføring: 1340 l/sek
Slukeevne: 400 liter/sekund
Turbinyting: 656 kW
Forventa prod.: 4,5 GWh
Nedbørsfeltet: 20 km2
|
|

|
- Turbinen er ein horisontal-aksla peltont med to dyser, og har omlaupstal på 750 pr. minutt.
- Generatoren er asynkron og leverer ei spenning på 690 V. Styre- og overvakingssystemet gjev høve til køyring etter vasstandsregulatoren i inntaksdammen.
Røyrgata
|

|
|
- Røyrgata på 550 m er av duktilt støypejarn med ein diameter på 400 mm, og nedgravden i heile lengda. Det er ikkje brukt eit einaste bend, på det djupaste ligg den 4 m under torva, og det har mest ikkje vore sprenging av fjell.
- Røyrgata er forankra i fjell på tre punkt.
I anleggsperioden var det i arbeid ei stor og ei lita gravemaskin, men arbeidet gjekk utan vanskar i det bratte lendet.Alle røyr i 6 m lengde vart frakta opp lia på eksisterande skogsveg med litt improvisasjon på eigne traktorar.
Inntaksdam
|

|
- Inntaksdammen er laga i armert betong. Vatnet vert leia bort frå hovudelva i ei utsprengd renne under ein høg barghammar, ein godt forankra betongvegg leier vatnet mot varegrinda i sjølve dammen som er om lag 3 m djup.
Det er montert innretning for utspyling bak ein lågare tverrvegg i overgangen mellom renne og dammen. I ei ekstrem flaumstor elv er det i tillegg laga eit overløp om lag midt på renna for å unngå unødvendig tilsmussing av varegrind.
Kraftstasjon
|

|

|
- Kraftstasjonen er bygd etter same lest som Ryssdal Kraftverk då det er same konsulenten på begge prosjekta, her er det i tillegg montert eigen trafo for eige forbruk til begge bruka. Det var neppe den store utfordringa for desse karane å bygge sjølve kraftverksbygget. Bygningen er perfekt plassert i skråning mot Loenvatnet.
|
|
Kraftlinjer og forholdet til netteigar
- Det er nedgraven ein kort jordkabel som leverer produksjonen via ein 22kV trafo tilknytta regionalnettet.
- God dialog med nettselskapet Stryn EnergiverkA/S
- Utbyggarane bet: kr 200,000 for trafo, høgspentkabel inkl. montasje.
- Grunneigarane overtok det gamle distribusjonsnettet fram til sine gardsbruk, med den ”praktiske” endringa at ca 150m av denne vart flytta og lagt i jordkabel saman med vassforsyning til bruka, inkl. forsyning til vatningsanlegg.
Økonomi
- Grannane i Lodalen kan no sjå attende på eit særs vellukka prosjekt, utbygd for om lag 75 øre/kW, det er dei truleg aleine om. I den lokale sparebanken har dei ei gjeld på kr 3,3 mill som skal betalast attende på 20 år, det burde ikkje uroe den lokale banksjefen.
- Det lokale e-verket kjøper straumen for ein femårs periode.
- Det lokale næringsfondet støtta dei med kr 18000 til forprosjektet. Ingen av utbyggarane er imponert over ”givargleda” for å støtte god distriktspolitikk.
Sluttmerknad
Jens Hogrenning kjem ikkje i hug noko dei ville gjort annleis, men turken på vestlandet kunne godt ha kome eit år før.
|
|