Ryssdal Kraftverk


Innleiing


 
  • Ryssdal Kraftverk ligg på Sandane i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane.
  • Tanken om eige kraftverk starta i 1991, men det tok fem år før det vart fart i sakene.
  • Jostein Sæther og kona meinte dei sat med fallrettane aleine, dette bekrefta Jordskifteverket og då var saka grei.
  • Det vart gjort fleire vurderingar med omsyn til størrelsen på kraftverket. Det største prosjektet skulle koste om lag 20 mill. kr., men dette vart skrinlagt.
  • Ein ingeniør med mykje erfaring frå Sandane kom tidleg inn i biltete, og saman vart det avgjort at det endelege prosjektet fekk desse vitale data:

Fallhøgd: 197 m
Turbin: Vertikal-aksla peltonturbin med 4 dyser
Slukeevne: 800 liter/sekund
Middelvassføring: 
Maks falltap: 
Effekt: 1.250 kW
Middelprod.: 5,9 GWh

  • Den lokale og sakkunnige ingeniøren tok seg av alt det tekniske, frå detaljar til det ferdige produkt. Byggherren hadde ikkje kompetanse innan saksfeltet, og overlet alt ansvaret til den lokale rådgjevande ingeniøren.


Røyrgata

  • Den 20 april 1999 starta gravinga. Valg av røyrtrase og gjennomføring av dette arbeidet var det einaste som var Jostein sitt verk frå a til å, og vart perfekt utført.
  • Den 1150 m lange røyrgata består av 600 m duktile støypejernsrøyr Ø=600, resten av fallet er lagt med PE røyr fordelt i to trykklassar. Det er ikkje nytta bend i røyrgata, den er forankra i fjell på tre stader. Dei duktile røyra er omfyllte med singel og pukk, på resten av røyrgata er det nytta noko finare masse. Det er utført god drenering.
  • Røyrgata er nedgravd i heile lengda, og det var mest ikkje sprenging.


Dam



 
  • I samband med skogskadar av nyttårsorkanen i 91 vart det bygd skogsveg om lag heilt fram til dammen, stadvis vart denne utbetra før kraftutbygginga starta.
  • Dammen er utført med grov stein, og inntakskonus innstøypt i betong, det er støypt dekke over stengeventil.
  • Inntaksgrinda er lett å renske, dammen har relativt stort volum med overløp til sides i det opphavelege elveløpet.
  • Ei mindre sideelv vert ført inn i dammen med eit om lag 150 meter langt anleggsrøyr på Ø=20cm. (”minitakrenne”)
  • Så langt har dammen fungert fint både sommar og vinter.


Kraftstasjonen



 
  • Bygginga av både kraftstasjonen og dammen vart bortsett til ein lokal byggningsmann.
  • Sjølve kraftverket er bygd på ei flate like ved elva, og består av fundament og avløpskanal i armert betong. Overbygg i tradisjonelt reisverk med ytterkledning av villmarkspanel og torvtak. Ei stor utsparing i endeveggen er gjort demonterbar ved eventuelle store revisjonar. 
  • Byggekonstruksjonen er forsterka med hensyn til H-bjelke med løpekatt under møneåsen. Hovudtransformatoren er plassert under taket, integrert i kraftstasjonen.


Kraftline

  • Krafta frå Ryssdal Kraftverk vert ført over til 22 kV nettet i nedgraven kabel omlag 250 m.


Oppstart

  • Turbinen på Ryssdal vart oppstarta fyrste gong den 3. desember 1999, der alt gjekk slik som ein byggherre kan ønske seg. Utstyrsleverandørane har gjort sitt for å medverke til dette.


Prosjektøkonomi

  • Utbyggarane har hatt god styring både på teknikk og økonomi. Det har ikkje vore budsjettsprekk på eit einaste øre.
  • Sparebanken Sogn og Fjordane har lånt dei driftige utbyggarane kr 6 mill med fastrente i 5 år, og nedbetaling over 25 år. 
  • I startfasen fekk dei eit BU tilskot til forprosjektet på kr 30.000.
  • Det er inngått avtale om kraftsalg på ei femårskontrakt med eit lokalt e-verk.
  • Eigarane tek ikkje ut noko kraft til eige forbruk.
  • Det er grunn til å vere merksam på at fru Sæter har vore ein viktig medspelar i heile fasen. Framfor alt viser ho ein utprega oversikt og ordenssans.
  • Sidan alt har gått som forventa reknar ekteparet Sæter med å ta ut utbytte alt om eit års tid. Difor vil kraftverket på Ryssdal som produsere knapt 6 GWh vera eit kjærkome ekstrabein å stå på. 
  • Ekteparet Sæter er bønder på heiltid. Garden er ein middels stor vestlandsgard, dei haustar ca 120 da, av dette er 84 eiga jord. Til bruket høyrer ein større skogeigedom på om lag 1300 da som gjev ein fin avkastning.
  • Fru Ryssdal er utdanna fysioterapeut men begge er no sysselsette i eiga verksemd.